År 2017

8.mai i Florø kirke

Måndag ettermiddag vert det nedlegging av krans på minnesmerket over dei falne frå 2. verdskrig. Det vert også markering av veterandagen.

På markeringa stiller krigsveteranar frå 2. verdskrig, veteranar frå Tysklandsbrigaden, FN-oppdrag og Nato-oppdrag, og arrangementet startar kl. 17.30.

Ordførar Ola Teigen skal halde tale og legge ned krans på minnesteinen. Steinen har no fått tilført eit nytt namn, etter at mange engasjerte seg for å få ført opp Kaare Knapstad på lista over falne under andre verdskrig.

Dette skal Teigen snakke meir om ved minnestøtta.

Nytt namn på minnestøtta

At Kaare Knapstad sitt namn no har blitt ført opp på minnesteinen, skjer etter at historia hans nyleg vart allment kjent.

Knapstad var med i motstandskampen i aprildagane i 1940, og vart dødeleg såra av ein granatsplint i ryggen. Han overlevde, men døydde i 1944 grunna splinten og blodforgiftning. Han blei ikkje registrert som fallen i krigen, og har difor ikkje stått oppført på minnestøtta.

Det var Flora Historielag og Bjarte Sindre som hadde eit portrett av Knapstad i Floraminne 2016, og såleis gjorde saka kjent. I etterkant av det engasjerte mellom anna Hilmar Eliasson i Samlingslista seg, og sendte ein interpellasjon til Flora bystyre, der han ba om at Knapstad vart ført opp på minnesteinen.

Kultursjef Roald Leivestad har også arrangert folkemøte om saka.

No er altså det nye namnet på plass, og minnesteinen har fått seg ein liten vask. Det i regi av kultursjefen sjølv, som søndag blei observert då han pussa steinen ved kyrkja.

– Ja, det stemmer. Det var ein del limstoff på steinen etter påføring av det nye namnet, og det var berre det eg tok meg av, etter konfirmasjonsgudstenesta på søndag, fortel Leivestad.

Kultursjefen fortel at familien til Kaare Knapstad kjem til å vere representert under markeringa måndag.

– Kåre Hukset kjem til å seie nokre ord ved minnestøtta, på vegner av familien, seier Leivestad.

Konsert og parade

Etter markeringa vert det veteranprosesjon, som endar inne i kyrkja, der det vert andakt og konsert.

Her skal Florø Hornmusikk spele, og songkoret Gnist står for sangen. Konserten har fått tittelen «Lyden av fridom».

– Det blir ei feiring av fridom i ulike former, der fridom også er tema for musikken. Vi feirer at vi er eit fritt land, og ikkje er i krig. Det er jo like aktuelt kvart einaste år, slik situasjonen er i verda i dag, seier hornmusikkdirigent Torgeir Halvorsen.

– Det er krigsveteranane dette handlar om, og det er kjekt for oss å få vere med å gjere stas på dei. Dei som har beskytta oss og kjempa for oss, seier Halvorsen, som håpar mange tek turen til kyrkja måndag kveld.

Det er Flora musikkråd som er arrangør, og etter arrangementet blir det kykjekaffi i regi av Kinn Sokneråd.